Arrfjes - en anbefaling

av Gro Johansson
06.05.25
I anledning nynorskuka så anbefaler vi nynorske bøker! Først ut er Gro på Rygge bibliotek:

Då eg var liten, hadde vi ei i familien som jobba i Tiden forlag. Når dei hadde overskotslager, gav ho oss bøker på nynorsk, særleg Anne-Cath Vestly og Astrid Lindgren. Ole Aleksander Filibombombom og Borna i Bakkebygrenda vil alltid vere nynorske for meg. Slik vart eg van med nynorsk, og eg likte det. Eg liker framleis både å lese og skrive nynorsk.

Boka eg vil anbefale, heiter "Arrfjes" og er skriven av Terje Torkildsen. Ho handlar om den foreldrelause førstereisguten Ejner på skuta Haabet i 1812, midt under den engelske blokaden. Mannskapet oppdagar ein engelsk brigg i Nordsjøen, og kapteinen bestemmer at dei skal kapre det framande skipet. Det skulle dei aldri ha gjort... Dette er ein ramsalt, historisk sjøroman med mykje spenning.

Det er mange år sidan eg las boka, men eg hugser at eg likte ho. Eg var norsklærar og hadde niande trinn. Siste time fredag er seig materie i seg sjølv, og på toppen av det heile hadde vi nynorsk. Derfor blei det mykje høgtlesing, og "Arrfjes" var ei av bøkene vi las saman. Elevane syntest boka var spennande, og sidan ho er historisk, trur eg framleis mange vil like ho.